- KHM var prega av sjokk og forvirring etter at to bassister klarte å koma ti minutt før neste mann sist torsdag. Dei to gjerningsmennene vil helst vera anonyme for å unngå represaliar.
- Det var stor undring under spelinga i Sandnesgatene laurdag, då heile Sveinsvoll Swingers ikkje var til stades(Gillen telle ikkje). Korkje Arne A, Ole, Jonny eller Magne var til stades, og så langt SAKMIL-redaksjonen har fått bekrefta har ikkje dette hendt før.
- Lortamaen sin bortkomne son kom heim til gards igjen sundag. Dette blei som seg hør og bør markert. Sonen blei sendt rett i fjoset for å melka. Rykter seier at sonen allerede saknar mørketida og vinden i Bodø. Denne personen er og sett i samanheng med programmet Tore på Sidesporet som blir sendt på studentradioen i Bodø.
- Redaktør Nodnes er på plass igjen neste veke, og vil då rapportere direkte frå den "Store Bagedagen" på Onnai.
(14.12.1998 kl 06:00) |