KLEPP/SANDNES: Det var ikkje berre fredagskvelden som var sentral i livet til Klepp Hornmusikk denne helga.
Også laurdag og sundag var musikantane i sving. Laurdag vart det spelt i julegatene på Sandnes,
noko som alltid fell i like god smak blant dei handlande.
Eit merkeleg fenomen vart forøvrig observert i Langgata denne dagen. Midt i gata sto Klepp
Hornmusikk oppstilt. Det spesielle var at det regna og at messingblåserane sto i le på vestsida
av gata, mens treblåsarane sto på andre sida. Men midt i gata sto dirigenten med eit horn i eine
handa og veifta. Han vart blaut.
Også sundag spelte Hornmusikken for dei handlande, men denne dagen var arenaen flytta frå Sandnes
til Klepp, nærmare bestemt til Klepp Handelslag, som hadde sundagsope grunna den føreståande julehøgtida.
Sjefsloddseljar Gillen m.fl. selde som vanleg store mengder lodd, medan Hornmusikken fann ut nye måtar
å spele 4/4-takt på. Trikset er å starte i det dirigenten kjem til 3.
Noko seinare vart også trekninga i årets store julelotteri gjennomført, om enn noko forsinka, ettersom ein
del loddbøker mangla(!) Trekninga gjekk føre seg i kafeen, der det også var mogleg å få kaffi, gløgg,
kakao, frukostbrød og julageiter.
(15.12.1997 kl 06:00) |