SAKMILs hovedsideSAKMIL-nyheteneInformasjon og historikkSAKMILs beryktede ordlisteThe SAKMIL GalleryGjestebokSkriv til SAKMIL! Navigasjonsmeny
Topp
Uke 51, 1997 Nyheter
 RT

SAKMIL-nyhetene kom med sin siste utgave mandag 28. oktober 2013. Denne siden vil ikke lenger bli oppdatert.
Takk til alle lesere som har bidratt til å holde hjulene i gang de siste 17 årene!

Sveinsvoll Swingers på "stationen"

THIME STATION, BRYNE: Fredag 12. desember slo den etter kvart så berømte og berykta gruppa The Sveinsvoll Swingers til igjen, dette trass i at det tidlegare same kveld gjekk rykter om at det ikkje vart noko speling likevel, sidan trommeslagaren mangla.

Men som det oftast gjer i desse mobiltelefontider, "dæ gjekk sæg te". Etter ein telefonrunde til stort sett alle trommeslagarar ein kjende navnet på, tok Gillen ein avgjerande telefon. I den andre enden var det ein trommeslagar som arbeidde med å fikse opp eit bad, og han tok utfordringa på strak arm, og kjørte snarast til Thime station.

Då trommeslagaren endeleg ankom "stasjonen" tok The Sveinsvoll Swingers instrumenta fatt og drog i gang Olsenbanden. Basin street blues og Svantes vart spelt med god sanghjelp frå publikum. Det er også meldt om at nokon høyrde ein julesang, men det er ennå ubekrefta rykter. Det let godt under spelinga, og i ein kommentar seier Magnus Rommetveit at ein ennå ikkje har fått vekk dei gode vibrasjonane som la seg i ølet, som eit resultat av musikken.

I ein kommentar frå Klepp hornmusikk blir det sagt DÆ Æ GODT ALT, og kven kan vere anna enn samd i det? The Sveinsvoll Swingers bestod for anledninga av Kjetil Fuglestad (trompet), Jonny Engelsvoll (trombone), Magne Hognestad (med den originale Sveinsvoll-Swingers-bassen) og Oli (slagverk - innlånt fra badet og Orstad storband).

Gammel Negermarsj vart til ein forandring ikkje spelt.

(15.12.1997 kl 06:00)

Busstrøbbel på Bryne

BRYNE STASJON: Fredag observerte betjeninga på Bryne stasjon tre trombonistar, og ein bassist som sto og venta på bussen samtidig som dei heldt varmen. Bussen kom ikkje!!!!!!!.

Føresette er varsla, og musikantane blei ikkje køyrde heim. I ein kommentar til dette seier Håvard Lund at han ikkje har noko med dette å gjere.

(15.12.1997 kl 06:00)

Hardingfele og syre går godt i lag

SMUGET: Fredag kveld var det juleavslutning for Klepp Hornmusikk. Det blei servert spekemat som vanleg, og folket held drikka sjølve, tradisjonen tru. Mens folk venta på maten dukka det plutseleg opp to karar. Den eine hadde med seg hardingfele, og den andre bar på ein gitar. Det viste seg å vere tidlegare nyttårskonsertsolist Dag Bjørkedal, som saman med Hans Braut dukka opp for underhalde under maten. Førstnemnde hadde også med seg god Eplesider.

Seinare på kvelden spelte Syrebandet opp. Her fekk folk verkeleg valuta for pengane. Ingeborg Løseth song "Sweat home Chicago" og Tore de France "What a wonderful world", mens Sigve Ellingsen og Ingeborg Løseth i fellesskap drog i gang ein song i frå Grease med stor lukke, her medverka også publikum. Det blei spelt mykje meir, og folk kosa seg heile kvelden, før dei blei trøtte og gjekk heim.

(15.12.1997 kl 06:00)

Og som om ikkje dette var nok...

KLEPP/SANDNES: Det var ikkje berre fredagskvelden som var sentral i livet til Klepp Hornmusikk denne helga. Også laurdag og sundag var musikantane i sving. Laurdag vart det spelt i julegatene på Sandnes, noko som alltid fell i like god smak blant dei handlande.

Eit merkeleg fenomen vart forøvrig observert i Langgata denne dagen. Midt i gata sto Klepp Hornmusikk oppstilt. Det spesielle var at det regna og at messingblåserane sto i le på vestsida av gata, mens treblåsarane sto på andre sida. Men midt i gata sto dirigenten med eit horn i eine handa og veifta. Han vart blaut.

Også sundag spelte Hornmusikken for dei handlande, men denne dagen var arenaen flytta frå Sandnes til Klepp, nærmare bestemt til Klepp Handelslag, som hadde sundagsope grunna den føreståande julehøgtida. Sjefsloddseljar Gillen m.fl. selde som vanleg store mengder lodd, medan Hornmusikken fann ut nye måtar å spele 4/4-takt på. Trikset er å starte i det dirigenten kjem til 3.

Noko seinare vart også trekninga i årets store julelotteri gjennomført, om enn noko forsinka, ettersom ein del loddbøker mangla(!) Trekninga gjekk føre seg i kafeen, der det også var mogleg å få kaffi, gløgg, kakao, frukostbrød og julageiter.

(15.12.1997 kl 06:00)

KHM-medlem med ny kantklyppar

KLEPPE: Sundag vann Gretha Braut, som speler i Klepp Hornmusikk, ein ny kantklypper i julelotteriet. Dette gler ho seg svært over, og seier at dersom det er nokon som vil ha plenen sin klypt, så er det bare å ringe.

(15.12.1997 kl 06:00)

  • Hovedside

  • Arkiv
  • Multimedia
  • Søk etter artikler
  • Ja, ke syns du?
  • Tilfeldig artikkel

  • Informasjon
  • Tips oss!

    DENNE UKEN:
    Hele denne uken

     Sveinsvoll Swingers på "stationen"
     Busstrøbbel på Bryne
     Hardingfele og syre går godt i lag
     Og som om ikkje dette var nok...
     KHM-medlem med ny kantklyppar

    Uke 50, 1997:
    Hele denne uken

     Sveinsvoll Swingers i skuddet!
     Også Syrebandet er i skuddet!
     Nytt horn

    Uke 49, 1997:
    Hele denne uken

     SAKMIL på radio!
     Klepp Hornmusikk har fått nye verdensvevsider!
     Nyttårskonsertene nærmer seg