TASTAHALLEN (MH.KHM.NTB): SAFARI-KLEPP 2-0
Det var storkamp på gang i Tastahallen sundag klokka 1700. Klepp skulle
møte Safari i eit av årets viktigaste volleyballoppgjer.
Klepp med Gillen, Bankmaen, og et par andre "sugge" på laget måtte vinne
denne kampen for å reise heim med æra i behald.
I Klepp sin favør var supportegjengen eit viktig moment, inni apparatrommet
stod nemleg THE SVEINSVOLL SWINGERS oppstilt. Denne etter kvart så
velkjende og sofistikerte utgrupperinga av Klepp Hornmusikk bestod for
anledninga av: Ole Ellingsen (trompet), Jonny Engelsvoll (trombone), Magne
Hognestad (bass), og Store-Litle (slagverk). Gruppa blei leia av
tamburmajor Edel Thu (fotograf).
Under og før kampen underhaldt The Sveinvoll Swingers med
Gammel Negermarsj, Olsenbanden, og St Louis blues. I
tilegg var det stort innslag av rytmeinstrument, og trompetsignal.
Kampen utvikla seg dårleg for Klepp, tap i første sett, og tap i andre
sett. Etter 5 minutt i første sett blei Gillen tatt av banen, på grunn av
dårleg spel, og at dommaren ikkje likte den glorete gule kortbuksa han
hadde på seg. Bankmaen derimot imponerte med sin imponerande kondis, og med
fantastiske, mottak, server, og "smasher".
Men sjølv med bankmaen og Sveinsvoll swingers innsats så gjekk det dårleg
for Klepp. Dei tapte kampen 2-0 til slutt. Men begge laga var einige om at
Sveinsvoll Swingers hadde vunne kampen.
Safari-Klepp 2-0, Tastahallen
Banens beste: Bankmaen ,terningkast 7
Banens verste: Gillen, terningkast 1
Positivt med kampen: The Sveinsvoll swingers
Negativt med kampen: Gillen si gule kortbukse
(17.11.1997 kl 06:00) |